
EKS--NARKOMAN: Raymond (38) fortel om sitt tidlegare liv som rusmisbrukar.
Hans fyrste steg mot fridom var å verta invitert inn på «Åpen dør».
Ope hjartedør i
Bergen sentrum

Ekteparet Groven (øvste biletet) har opna hjarto sine for fattige, einsame og narkomane.
Raymond er blant dei som har fått livet
sitt snudd om.
Det er månelys kveld i
Bergen, med is på fortaua og kald austavind. På ei steintrapp i
Hollendergaten sit ein kar som ikkje går
inn på «Åpen Dør» sin førjulsfest.
Men han sit og stirer rakt mot huset der folk smyg seg inn. Kva heiter han?
«Eg heiter det eg alltid har heitt», svarar han. «Du kan kalla meg
Lasaronen». Det er minusgrader og Lasaronen sit med finger-hanskar. Hue har
han ikkje.
– Du vil ikkje bli med inn?
vågar me oss. – Dei serverer gratis middag og kaffi.
– Ja, det er nesten som eit
gamalt bedehus der inne, seier Lasaronen, men vil ikkje vera med inn. Han
hadde nok ikkje fått med seg pilsen sin inn i varmen.
På kjøret i 18 år
– Det er ikkje alle som vil
ha hjelp, forklarer Raymond (nedre biletet). Han har sjølv vore på kjøret i 18 år, før
han vart avrusa og møtte
Jesus. Raymond helsar på Lasaronen og eit par andre
med slitne andlet som også står utanfor. Dei kjenner han nesten ikkje att,
men likevel, det er Raymond.
Raymond som var med dei i
Nygårdsparken. Som gjekk og tagg pengar akkurat som dei for å få råd til
«medisin». Raymond som forsvann, var vekke i halvanna år, og kom tilbake som ein heilt annan mann.
Inn i varmen
– At eg vart invitert med inn
på «Åpen Dør» var det fyrste steget mot å bli frelst og fri, fortel Raymond.
Me går inn i varmen, og Alf og Tone Groven tek i mot oss med opne armar.
Kvar fredag inviterer ekteparet rusmisbrukarar og einslege inn til måltid og
fellesskap. Dei som treng det, får vita om kristne avrusingsklinikkar som
Evangeliesenteret. Det var der Raymond fekk sitt liv forandra.
I kveld er det han som skal
halda andakten på «Åpen Dør» sitt julebord. Av dei som er her har fleire
vanka i lag med han i «parken». Ikkje alle har enno fått oppleva det same
som han.
– Eg er litt nervøs, men det
eg har å seia er så viktig at eg må stå her og fortelja likevel, begynner
han. –- Det Gud gjer for deg i dag, vil han gjera gjennom deg i morgon.
Frå vondt til verre
Raymond fortel om alt frå det
fyrste draget hasj som 15-åring, fram til den siste injeksjonen med heroin,
før den store snuoperasjonen vart iverksett.
– Det var årsakar til at eg
rusa meg. Eg hadde ein sosial angst så sterk at eg ikkje greidde å vera i
lag med
kona mi utan å drikka fyrst, fortel Raymond. – All sorga og lidinga
eg påførte andre vart etter kvart meir
enn eg greidde å bera. Eg ville til
slutt ikkje ha noko med meg sjølv å gjera.
Raymond vart sendt tvers over
landet til Østerbo og Evangeliesenteret, med god hjelp frå dei bergenske
kristne han var kome i kontakt med.
Frelse, og kampen vidare
– Til å begynna med skjønte
eg det ikkje. Eg trudde dei som snakka om Jesus var litt rare. Men eg kunne
sjå at dei hadde noko spesielt i augene.
Etter kvart vart også
Raymonds auger opna. Han gjorde Jesus til Herre. Då han vart åndsdøypt kom
gudsnærveret så sterkt at det gav seg fysisk utslag i ei vidunderleg duft
som breidde seg i rommet han sat i. Etter fem månader var trongen etter
heroin borte. Men på trass av store framsteg, vart ikkje alt bra med det
fyrste. Kona hans, Aina, nekta å ta i mot Jesus då ho kom til
Evangeliesenteret. Snart forsvann ho. Ut på kjøret igjen. Raymonds fyrste
instinkt var å reisa og leita etter ho, men leiinga på senteret sa nei.
– Det var vanskeleg, men eg
skjønte at eg måtte bli i redningsbåten viss eg skulle redda ho inn igjen,
fortel han. Og med tid og stunder var det akkurat det som hende. I dag har
dei fått ein heilt ny start saman. Etter at Raymond har fortalt sitt
vitnesbyrd, syng me jolesongar så høgt me kan. Det er som om tekstane om
Guds son som kom ned til vår arme jord er ein sterkare realitet her blant
dei fattige, einsame og rusavhengige. At Jesus verkeleg er den opne døra, er
her dyrekjøpt erfaring.
Tekst og foto:
Øystein Lid. Artikkelen
stod på trykk i DagenMagazinet 23. desember 2008.